Prosjekt

Sidan avlagt embetseksamen ved Universitetet i Oslo har eg arbeidd parallelt som etnolog og keramikar.

Eg har vore involvert i forskingsprosjekt, eit breidt spekter av arbeid innan kulturminnevern i offentleg forvalting, språkvask/manusgjennomgang, Den kulturelle skolesekken i Rogaland, fotografering og skriveoppgåver av ulikt slag. Emne har i hovudsak vore knytt til byggjeskikk, industrielle kulturminne, folkekunst/husflid/handverk og kystkultur. I 2007-2008 var eg prosjektkoordinator for On the Edge, eit kunst- og kulturprosjekt knytt til Stavanger2008 europeisk kulturhovedstad. 

No er eg ein del av kontorfellesskapet Verkstedet i Stavanger sentrum, sjå kart her.

  • Sjå rapport om Musea og tettstadutvikling her.
  • Sjå artikkel om Jærhusprosjektet, frå Stavanger Museum si årbok 2001, her.
  • Sjå artikkel om Nærlandheimen, frå Jærmuseet si årbok Sjå Jæren 2000, her.
  • Sjå programmet for On the Egde her.

 

Med leire som utgangspunkt arbeider eg med nyforming av tradisjonen på meir konkret vis.

I hovudsak arbeider eg med å dreia bruksgjenstandar i keramikk. Men eg har også fått prøva meg på større og mindre prosjekt av litt annan karakter.

Den mest omfattande oppgåva eg har gjennomført som keramikar var Land Art-prosjektet parksjefen i Sandnes kommune sette i gang som del av deira kulturhovudstadssatsing. Gramstadbåten, som prosjektet utvikla seg til, var utfordrande og lærerikt. Å arbeida i samarbeid med ein annan kunsthandverkar opp mot både oppdragsgivar og mot skulane for å få eit best mogleg resultat innafor dei rammene som var gitt, gav mykje ny kunnskap.

Eit mindre oppdrag var å laga kopiar av mellomalderske salvekrukker til eit bokverk om Karmøys historie. I tillegg til å verta illustrasjon i boka, vart fleire av krukkene kjøpt inn til Nordvegen historiesenter på Avaldsnes.

Med kulturstipend frå Rogaland fylkeskommune har eg fått sjå etter mønster i rogalandsmusea sine samlingar, for å bruka dette til å utvikla nye dekorar i eige arbeid.

I to år, 2009 og 2010, har eg fått diversestipend frå Statens Kunstnerstipend for å sjå på internasjonal folkekunst, og finna korleis mønster og former frå andre kulturar kan verta til nye uttrykk i mitt arbeid med keramikk. Dette er ein prosess eg framleis er midt inne i, og det er spanande å sjå kvar vegen går vidare.

Serigstad i Time
Bjelland i Hå
Konsert ved Eigerøy fyr
Frå Rennesøy
Kvitlen i Bjerkreim
Kalvåg i Bremanger

Om Torunn

Ved å arbeida i nær kontakt med tradisjonsmateriale, utviklar eg vidare kunnskapen eg fekk frå Ellen Kjærgaard, Césàr Fariña og Hege Stenseng på Pottemakeriet ved Norsk Folkemuseum i Oslo.

 

Bakgrunnen min som etnolog er også til både glede og nytte i arbeidet.

Forhandlarar

  • Raulandsakademiet
  • Torvhuset på Fotland mølle, Time
  • Dalane folkemuseum
  • Gaute Rostrup, Sandnes
  • Husfliden-butikkar over heile landet

Kontakt

Heskestadveien 9
N-4015 Stavanger
tlf.: +47 958 76 353

 

post(snabel-a)maaseidvaag.com

- - - 

Ta kontakt for å avtala møte.